// PrøveRommet
|
| Foto: Ingrid Granum Ellestad |
THESE BOOTS ARE MADE FOR?
DANS. TEATER. PERFORMANCE. BILLETKUNST. LITTERATUR. FILM. INSTALLASJON. MUSIKK. SKULPTUR. FOTO. TEST. FAMLING. FORSØK. FREISTING. PANIKK. PIRRING. PRESTASJON. PRESENTASJON. PREPROSJEKT. PROSJEKT. PRØVE. ROM.
PrøveRommet er ei multikulturell hending som tek stad annankvar måndag i sesongen til BIT Teatergarasjen. På PrøveRommet kan ein i uformelle og sosiale omgjevnader fylgja med på noko av det som rører seg på undergrunnscena i Bergen. Innhaldet varierer frå gong til gong, og her vert alt frå idéar og utdrag til ferdige prosjekt presentert. I haust samarbeider PrøveRommet med Phonofestivalen, Oktoberdans og B-open, dette opnar for nye og spanande prosjekt! PrøveRommet har i over 10 år eksistert som ei sjølvstendig eining på sida av den ordinære drifta til BIT Teatergarasjen, og har fastsett sin posisjon som ein unik og viktig aktør i bergensk og vestlandsk kunst – og kulturliv.
PrøveRommet held fram med, saman med BIT Teatergarasjen, sitt nomadeliv i Bergen i tida som kjem. Gode erfaringer frå dei førre sesongene er tekne med vidare, og PrøveRommet vert å finna på nokre gamle og nokre nye arenaer haustsesongen 2010. Følg med!
PrøveRommet sitt program vert til undervegs og alle er velkomne til å ta kontakt og komma med forslag til innslag – profesjonelle kunstnarar, semi-profesjonelle, kvasi-profesjonelle, studentar, glade amatørar og elles andre med eksponeringsbehov og noko på hjarta.
Ta kontakt med koordinator Kirsti Aksnes
e-post: proverommet@bit-teatergarasjen.no | Telefon 55 23 22 35 | 45 24 34 91
www.proverommet.no
PrøveRommet er støttet av: Bergen kommune – Byrådsavdeling for kultur, næring og idrett – Seksjon for kunst og kultur, Hordaland fylkeskommune – Kultur og idrettsavdelinga og Fond for Lyd og Bilde.
Every other Monday the foyer at BIT Teatergarasjen is filled with a variety of art expressions; pictorial art, performance, literature, video art, installation art, dance, photo, theatre and more. Young artists and art interested people gather to find out what happens on the underground scene in Bergen.
|